Sentralbord: +47 51 84 80 00

Etter vanlig arbeidstid blir du overført til vår 24-timers vakttelefon.

  1. GMC
  2. Nyheter
  3. GMC fyller 50 år – satsar på 50 nye
skip i dokken med vann som fosser inn sett ovenfra

Klassing av skip i dokken på GMC verftet.

GMC fyller 50 år – satsar på 50 nye

Selskapet, som har bygd seg opp gradvis, har vore gjennom både opp- og nedturar. Dei har likevel ein klar tanke om korleis dei skal oppretthalde eventyret som starta i 1973, i 50 år til.

Oppslaget ble publisert i Skipsrevyen fredag 3. november 2023, se saken her.

Skrevet av: Anders Huke

Les utdrag fra artikkelen her:

Det har gått opp og ned med konjukturssvingingane, med oljenedtur, finanskriser, og ny oljekrise. Men me har og vore med på mange oppturar, fortel administrerande direktør i GMC Group, Thomas A. Vang.

Han har sjølv vore i verksemda i eitt år. Men fortel at han såg på GMC som ei verksemd med stort potensiale, noko som var hovuddrivaren til at han ville dit.

– Det er ei verksemd med mange gode folk som har vore her over lang tid, med eit moglegheitsrom som er godt.

Profilbilde av konsernsjef Thomas A. Vang og skip i dokking

Konsernsjef i GMC, Thomas A. Vang.

Sin første mekaniske verkstad

Det heile starta då Gunnar Magne Christensen senior opna sin første mekaniske verkstad i Stavanger. Med seg hadde han broren Tor Jan, og kameratane Lars Einar Østerbø og Roald Rygh. Etterspurnaden var stor, men kort tid etter kom ei internasjonal shippingkrise og oppdraga forsvann. Dei var nøydd å snu seg mot utbygging av offshore-industrien.

I 1977 flytta dei til nye fasilitetar i Kalhammaren i Stavanger. GMC Shipping og GMC Offshore vart etablert, og GMC kjøpte 40 prosent av DBC Offshore Ltd i Storbritannia.

I 1978 fekk GMC Maritime oljevernkontrakten for den sørlige del av Nordjsøen, ein kontrakt dei hadde i over 30 år.

Lange kontraktar

– Me er i ein fin posisjon no. Me er ute av “dvalen” og har fått til mykje bra. Me har ein rammeavtale med Equinor på åtte år. Me har og ein avtale med vedlikehald og klassing av Forsvaret sine skip dei neste sju åra, fortel Vang og peiker på at det som no er utfordrande er å få tak i kvalifisert arbeidskraft. 

I dag har selskapet om lag 200 tilsette, fordelt på seks selskap. Dei omsett for rundt 600-700 millionar i året.

– Me ventar ein kraftig vekst dei neste åra, og trur me kjem til å nesten dobla antall tilsette. 

Mange personer på rekke i en verkstedhall

Teamet i tørrdokken.

50 år til

Grunnleggjaren Gunnar Magne Christensen senior er med. 84 år gammal, men styremedlem og Vang sin næraste leiar. Vang rosar eigarane for å vera både delaktige og koma med innspel, og kritiske synspunkt der det er naudsynt. 

– Det er eit godt samspel

I dag har dei fingrane inn i maritim skipsserice, dokking, elektro  og automasjon, hvac, basetenester, produkt sal og utleie, marine operasjonar og eigedom.

Sjølv om dei forvaltar store eigedomar, er det industrien dei dyrkar som sin merkevare. Det er ingen tvil om at Vang har tenkt å styra skuta i retning av 50 år til som GMC.

– Me gler oss til dei neste 50, me har heilt klart eit evigvarande perspektiv, som skal leverast til neste generasjon betre enn det var. 

Oppslaget ble publisert i Skipsrevyen fredag 3. november 2023, se saken her.

Andre nyheter:

mann i verneutstyr som sveiser

13.07.2024

GMC med kraftig hopp i inntektene

Industrikonsernet GMC feiret 50-årsjubileum i 2023 med et betydelig oppsving i inntektene. – Vi ser lyst på framtiden, sier toppsjefen.

gruppebilde av GMC ansatte på Kårstø

03.07.2024

GMC-teamet på Kårstø prosessanlegg

Kårstø prosessanlegg er Europas største i sitt slag. GMC sørger for trygg og sikker drift av HVAC-systemene på anlegget.

oversiktsbilde av Mekjarvik havn med skip i forgrunnen

24.06.2024

Satser på nye teknologier i maritim industri

Industrikonsernet GMC inngår partnerskap med Marine Manager AS.